Hytta som forsvann – spennande om unge miljødetektivar

Hytta som forsvann er andre bok i serien om Klodeklubben.

På garden der Vanja bur blir fleire av dyra sjuke. Og ein dag blir hytta som ho og Sivert har leika i riven og boset flyt. Klodeklubben prøver å finna ut kva som har skjedd. Boka er bra fordi den handlar om at me ikkje berre må hiva søppel i naturen.

Eg vil anbefala boka til alle som er glad i naturen og som likar spenningsbøker. Ein annan ting som er bra, er at det er miljøfakta bak i bøkene. Det gjer at fleire får lyst til å passa på naturen. Eg trur bøkene passar til dei som er mellom 7 og 11 år. Dei yngste må kanskje bli lese for, men dei eldre klarer fint å lesa sjølv.

Les intervju med forfattar Ruth Lillegraven her!

Les første kapittel av Dei svarte svanene her!

Bok: Hytta som forsvann
Forfattar: Ruth Lillegraven
Forlag: Samlaget
Utgjevingsår: 2020
Sider: 95
Passar for: 5-9 år

Andre bokmeldingar