Bokmeldar Magnus Rotevatn (17) er imponert over den nyaste Hunger Games-boka

I likheit med fansen tvilte Magnus Rotevatn på hovudkarakteren i En ballade om sangfugler og slanger, men meiner Coriolanus Snow viser korleis autoritære makter kan manipulere og radikalisere ungdom.

Eg er imponert! Suzanne Collins har endå ein gong skrive ein spennande pageturner.

For ti år sidan avslutta Suzanne Collins trilogien Dødslekene (The Hunger Games). No har forfattaren skrive ein ny bok i same univers, den heiter En ballade om sangfugler og slanger.

Me er framleis i landet Panem, det som ein gong var Nord-Amerika, men forteljinga startar 64 år før den første Dødslekene-boka.

I En ballade om sangfugler og slanger er det kun ti år sidan borgarkrigen herja Panem, og sigerherrane i hovudstaden Capitol regjerer med hard hand over dei andre distrikta.

Eitt av triksa til Capitol for å halde kontrollen over distrikta er dødsleikane, ein slags gladiatorkamp der ungdommar frå distrikta må kjempe på liv og død.

Tanken bak dødsleikane er å minne alle på at naturtilstanden til mennesket er vond og at den totalitære makta til Capitol er nødvendig for at Panem ikkje skal vere prega av kaos og anarki.

Den unge Snow

I En ballade om sangfugler og slanger har ikkje dødsleikane enno vorte den suksessen for Capitol som dødsleikane er i dei andre av Collins sine bøker.

For å få meir merksemd rundtdødsleikane vert det bestemt at 24 ungdommar frå Capitol skal ha rolla som mentor for kvar sin tributt (deltakar) i dei 10. dødsleikane. Ein av mentorane er hovudpersonen Coriolanus Snow.

Dei som har lese den originale Dødslekene-trilogien kjenner kanskje igjen namnet og veit at han skal vekse opp og verte den grufulle president Snow.

I byrjinga syntest eg at 18 år gamle Coriolanus var veldig ulik president Snow slik som eg kjende han frå før. I denne boka er han reflektert og til tider nesten pasifistisk.

Omstridd hovudperson

Sjølv om unge Coriolanus ikkje er nær å vere like fæl som president Snow, syntest eg at det kunne vere vanskeleg å føle empati med han. Coriolanus kan vere både eigenrådig og irriterande.

For eksempel avslo han eit tilbod frå Sejanus, ein annan mentor, om å bytte tributtar. Det var eit tilbod Coriolanus visste han ville kome godt ut av, men avslo berre fordi han ønskte Sejanus uvel.

Da Dødslekene-fansen fekk vite at den nye boka til Suzanne Collins handla om ein ung president Snow vart mange skuffa. Snow verka rett og slett uinteressant å lese ei heil bok om.

Mens eg las En ballade om sangfugler og slanger undra eg fleire gongar på kvifor Collins valde Coriolanus som hovudperson. Det måtte vere eit dusin andre personar i boka som var meir interessante å skrive om.

Radikalisert ungdom

Det var først da eg nærma meg slutten av boka at eg forstod kvifor Coriolanus eignar seg som hovudperson.

Ved å bruke Coriolanus som hovudperson kan Collins vise korleis autoritære makter kan manipulere og radikalisere ungdom.

Ein ting som gjer at En ballade om sangfugler og slanger ikkje er like god som dei originale bøkene om dødslekene er at alt ikkje verkar like gjennomarbeidd: skildringane er ikkje fullt så gode, dialogen kan vere stiv og karakterane kan verke umotiverte.

Eg anbefaler å lese dei tre originale Dødslekene-bøkene før En ballade om sangfugler og slanger. Men ho kan òg lesast åleine.

Det er ingen tvil om at dette er ein god bok.

Eva Meyer Eide (14) sine fantasy-favorittar. Kollasj: Framtida.no/Bakgrunnsfoto:JR Korpa/Unsplash

Bok: En ballade om sangfugler og slanger
Forfattar: Suzanne Collins
Forlag: Gyldendal
Utgjevingsår: 2020
Sider: 608
Passar for: 12-18 år

Andre bokmeldingar