Difor fekk ikkje gutane vera med: Kodefest berre for jenter

Dei som lagar dataspel, dataprogram og datateknologi vil ha fleire kvinner til å jobba for seg.

FAKTA: Om Girl Tech
  • 1500 jenter rundt i heile landet var på teknologifesten.
  • JenterKoder står bak arrangementa, og samarbeider med ulike organisasjonar og bibliotek.
  • I 2018 vart Girl Tech Fest arrangert i Oslo, Tromsø, Bergen, Kristiansand, Trondheim, Gjøvik, Finnsnes, Stord og Stavanger.
LES FAKTALUKK FAKTA

Jenter og gutar kan vera like flinke i data og teknologi, men det er likevel meir enn tre gonger så mange gutar som utdannar seg til ein jobb innanfor datateknologi. Derfor er #girltechfest berre for jenter.

– Det er veldig gøy! Kjekt at vi er fleire klassar saman, og at vi får lære meir om teknologi. Dette kjem vi til å trenge framover, seier Eline Hovland (10).

LES MEIR: Har du lyst til å læra meir om koding?

VIL INSPIRERE: Kristine Thorkildsen (som står) er nettansvarleg på Stord folkebibliotek. – Vi vil inspirere jenter til å velje tekniske yrke. FOTO: Janne Nerheim

Ho har tenkt på at ho kanskje vil bli frisør eller arbeide i barnehage, men tenkjer ho uansett vil trenge datakunnskap.

Like flinke

Ingrid Johanne Hystad (10) likar spesielt at dei har fått lære seg meir om programmering.

– Det er veldig spennande å sjå korleis ein data verkar, og fint at vi jenter kan vera like flinke som gutar i data, seier ho.

Ingrid Loureiro Hammersland (9) føler ho har lært mykje berre på desse timane på biblioteket. Det har gitt meirsmak.

– Det var spennande å teikne på data, lage mønster, og kode, seier ho.

Vil forandre

Kristine Thorkildsen er nettansvarleg på Stord folkebibliotek.

KODEJENTER: Eline (10), Ingrid (9) og Ingrid (10) frå Hystad skule. FOTO: Janne Nerheim

– Vi arrangerer Girl Tech Fest på biblioteket for andre år på rad. Vi vil inspirere jenter til å velje tekniske yrke. I dag har vi jenter frå 5. trinn på Hystad og Rommetveit skule på besøk, fortel Kristine Thorkildsen.

Biblioteket er opptekne av at folk skal lære seg å hente informasjon på internett. Som nettansvarleg har Thorkildsen sjølv opplevd at det er mange fleire menn enn kvinner som jobbar med det ho gjer. Det vil ho endre på.

– Desse jentene er så engasjerte og dei har lyst til å lære om dette. Det er kult, seier Kristine Thorkildsen.