Har du lyst til å læra meir om koding?

Det er 156 kodeklubbar over heile landet!

Kodeklubben er eit fritidstilbod der barn og ungdommar leikar og lærer med programmering. Det er 156 kodeklubbar over heile landet. Les meir på kidsakoder.no kva tid og kvar dei har møte! Der kan du òg finna ferdige oppskrifter og oppgåvesett som du kan laste ned gratis.

Kodetimen på skulen

Kodetimen er ein skuletime med programmering 3.-9- desember, lagt til rette for elevar på alle klassetrinn. Du får bruka datamaskinen til å laga små dataspel, små animasjonar eller andre morosame ting. – Veldig kjekt, sa Viljar (t.v.) og Adrian då Framtida Junior var med dei i fjor. Snakk med læraren din om du har lyst til å få med klassen din!

Girl Tech

Dei som lagar dataspel, dataprogram og datateknologi vil ha fleire kvinner til å jobba for seg. Difor vert det arrangert Kodefest berre for jenter. les meir om desse jentene her:

Difor fekk ikkje gutane vera med: Kodefest berre for jenter!

KODEJENTER: Eline Hovland (10), Ingrid Loureiro Hammersland (9), Ingrid Johanne Hystad (10) frå Hystad skule.