– Feirar at alle kan elska kven dei vil

Kusina til Nora Erichsen (9) har to mammaer. Ho og venninnene hennar meiner ein burde snakka meir om det i skulen.

FAKTA:

Homofil: at ein blir tiltrekt av nokon av same kjønn

Lesbisk: at ei jente eller kvinne blir tiltrekt i nokon av same kjønn

Bifil: at ein kan bli tiltrekt av begge kjønn

Trans: at ein kjenner seg som eit anna kjønn enn kroppen ein er fødd med

 

Dette skal du læra på 5.-7.trinn:

Samfunnsfag:

  • samtala om kjærleik og respekt, variasjon i seksuell orientering og samliv og familie og diskutera konsekvensar av manglande respekt for ulikskap

Naturfag:

  • forklara kva som skjer under puberteten og samtala om ulik kjønnsidentitet og variasjon i seksuell orientering
LES FAKTALUKK FAKTA

– Sjå så mange fine fargar det er her! seier Nora Erichsen om alle folka som står på torget på Leirvik på Stord.

– Fargane representerer det me har skrive på plakatane våre, at kjærleik er kjærleik, og at den kan koma i mange fargar, forklarer Adine Eriksen Tverborgvik (10).

Ver stolt!

Storapride liknar på eit 17.maitog. Men i staden for bunader og norske flagg, har mange på seg klede og flagg i regnbogefargar.

– Det er kjekt å gå i tog for at alle skal få elska dei dei vil, seier Mathilde Madsen (10). FOTO: Svein Olav B. Langåker

I fleire og fleire byar og tettstader er det mange som går i tog éin gong i året for å visa at det er greitt at gutar likar gutar, og at jenter likar jenter. Pride-tog blir det kalla. Det handlar om å vera stolt av kven ein er, uansett kven ein forelskar seg i, same kva kjønn ein er.

– Bør snakka om det i skulen

Nora og Adine er glade for å vera med toget. Over to tusen menneske gjekk i Storapride, og minst like mange såg på.

– Har de hatt noko om dette på skulen?

– Nei, men eg synest godt at me skulle hatt om det på skulen, seier Adine, og Nora er einig i det.