Tyler (11) blei alvorleg skadd etter YouTube-triks

Tyler Broome blei alvorleg skadd etter YouTube-stunt. Mor hans meiner youtubarar må slutte å legge ut videoar som viser at dei gjer farlege ting.

Tyler fekk store skadar i hovudet etter at han bestemte seg for å prøve å gjere eit triks han såg på YouTube. Stuntet han ville prøve var å bruke bakhjulet på ein motorsykkel til å gje fart til ein karusell. Det gjekk forferdeleg gale, skriv VG.

Venene stakk av

Tyler vart funnen medvitslaus i ein park, og augene var blodsprengte og hadde hovna veldig opp. Venene hans sprang berre vekk då det gjekk gale.

Det går betre med Tyler no, men familien vil åtvare andre barn og unge mot å gjere YouTube-triks som kan vera farlege.