No må du ta vare på biehusa

Mange har hjelpt biene med å sette ut biehus i år. No er sesongen over. Kva gjer du med husa?

Dette kan du gjere:

  • Du kan lage eit tak over biehusa og la dei henge.
  • Du kan setje biehuset på ein kald og tørr plass.

Biehusa kan brukast igjen neste år, og det kan vere egg og larvar i biehusa som ventar til neste år for å klekke.

Biene er viktige for livet på jorda. Dei pollinerer blomar og plantar og skapar liv for både menneske og dyr. Talet på villbier synk raskt, og det var derfor Miljøagentene og Sunniva hadde biehus-kampanje i år.