Erlend toppa meisterskapen med å vinne hovudkonkurransen «battles» laurdag kveld. I denne konkurransen duellerer alle deltakarane før dei to beste møtes i finalen.
Erlend var best, og vart krona til verdsmeister i freestyle for andre gang sidan 2016:
I tillegg til å ta med seg gullet, vann Erlend også konkurransen «showflow».
I denne delen av meisterskapen har deltakarane 30 sekund på å vise fram flyt og originalitet for dommerane.