Tips til kjeldesortering
Batteri, lyspærer, elektronikk må leverast til avfallsstasjonar. Mange butikkar tek også imot slike ting, så ein kan høyre med lokalbutikken.
- Drikkekartong – I pappdunk
- Emballasjekartong – I pappdunk
- Glas og metallemballasjer – Returordning (ofte ein grøn dunk)
- Plastemballasjer – Varierer frå kommune til kommune men plastsekk, dunk, bringesystem eller farga plastposer.
På sortere.no finn du oversikt over heimkommunen din!
Wilhelm Thune Vattekar (9) bur i ein bygard i Oslo, saman med pappa Are og systera Sofie. I denne familien kjeldesorterar dei så godt dei kan.
I Oslo har dei grøne posar til matavfall, blå posar til plast, og så er det dunkar til papir og restavfall. Dunkane står ute i bakgarden.
Batteri, lyspærer, og elektronikk må leverast til avfallsstasjonar. Og det har Wilhelm og pappa gjort under den store vårreingjeringa, for nokre veker sidan. Då blei det køyrt bort mengder med kasser av ting som blei levert til spesialavfall.
Pappa gjorde feil
– Det er viktig for naturen og miljøet at vi kjeldesorterar, seier Wilhelm. – Det er ikkje så vanskeleg, men ein gong kasta pappa plast i vanleg søppel, fortel han.
– Ja, men det var plast som var veldig grisete, og som var vanskeleg å få heilt rein, seier Are.
– Ja, men eg skyller plasten iallfall, seier Wilhelm.
Wilhelm meiner sjølv han er heilt klart best på å kjeldesortere plast og matavfall, og det er eigentleg pappa også, fortel han.
Det er viktig å huske på å skylle glaset, metallet, plasten eller kartongen dersom det er skittent. For mykje skit kan øydelegge gjennvinningsprosessen. Er det veldig tilgrisa skal dette i restavfallet.
- LES OGSÅ: Lag biehus
Lett å lage dumme unnskyldningar
I kjøkkenkroken er beviset på at familien Vattekar veit kva dei snakkar om. Metall, plast og papir har kvar sine posar som snart er fulle, og klar for levering. Under vasken er rest- og matavfallet.
Wilhelm synest det er svært enkelt å kjeldesortere, men han meiner at folk bør bli flinkare.
– I klassen er det mange som kastar papp i vanleg restavfall. Det synest han ikkje noko om.
– Vi kan alle bli flinkare til å kjeldesortere. Det er så lett å lage dumme unnskyldningar for å sleppe å kjeldesortere, seier faren. – Slik som plasten eg kasta i restavfall. Den kunne blitt vaska rein, sjølv om det hadde tatt tid.