Borsj er ei suppe laga av raudbeter. Det finst mange variantar av den djupraude tradisjonsmaten. Nokon har kjøt i, nokon legg ein klatt rømme i, og du kan ete suppa både varm og kald.
Store norske leksikon skriv at suppa «har opphavet sitt på ukrainsk område». I Ukraina er borsj ein del av folkesongar, forteljingar og bryllaupsfeiringa. Du finn også borsj på menyen i Belarus, Polen og Russland. Men Russland og Ukraina kjempar om kven som har rett til å kalle borsj nasjonalrett.
Å stele ei suppe
I 2014 tok Russland kontroll over Krimhalvøya i Ukraina. I 2019 skreiv det russiske utanriksdepartementet dette på Twitter, ifølge BBC: «Ein tidlaus klassikar, borsj er ein av Russlands mest kjende og elska rettar og er eit symbol på tradisjonsmat».
Ukrainarar på Twitter reagerte med både sinne og humor. Ein av kommentarane var: «Som om å stele Krimhalvøya ikkje var nok, så måtte dei også stele borsj frå Ukraina». Det å kalle suppa for typisk russisk blei sett på som eit forsøk på å undertrykke Ukraina.

Borsj-krigen
Konflikten mellom Ukraina og Russland auka i åra etterpå. I 2020 søkte Ukraina om å få matlagingskulturen rundt borsj på Unesco si liste over truga kulturarv. Målet med lista er å skape merksemd rundt kultur som står i fare for å forsvinne. Ved å hamne på lista håper ein å ta vare på kulturen.
I 2022 invaderte Russland Ukraina. Det same året kom kulturen rundt å lage ukrainsk borsj på Unesco si liste over kulturarv som treng hastevern.

Unesco skriv at det å lage borsj i Ukraina er truga på grunn av den væpna konflikten. Det er fordi ukrainarar som kan oppskriftene, er fordrivne frå lokalsamfunna sine. Landbruksområde i Ukraina er også øydelagde og hindrar menneske i å få tak i ingrediensane dei treng for å lage suppa.
Då det blei kjent at den ukrainske borsj-tradisjonen hamna på lista, sa kulturministeren i Ukraina: «Sigeren i borsj-krigen er vår! Vi vil vinne både i borsj-krigen og i denne krigen», ifølge BBC.
Som ein reaksjon på den same nyheita skreiv ei talskvinne for det russiske utanriksdepartementet på Telegram: «Vår borsj treng ikkje vern, men bør utsettast for direkte og fullstendig tilinkjesgjering på tallerkenen».
Ei suppe som splittar og samlar folk
Krigen i Ukraina er ikkje over. Slaget om borsj er heller ikkje over.
Då Unesco putta ukrainsk borsj-kultur på lista si, skreiv dei at det ikkje nødvendigvis betydde at nokon fekk «eige» kulturen. Borsj blir laga i fleire land i området.
Likevel blir borsj brukt som eit symbol på både russisk og ukrainsk kultur. Av og til er ei suppe meir enn ei suppe.






















