Når Ingeborg Lundås Skjelbred (9) og Sunniva Horneland (9) set seg til bords, er det vanlegvis saman med familien.
– Eg et middag saman med mamma og pappa, fortel Ingeborg.

– Eg et saman med mamma, pappa og veslebrørne mine, seier Sunniva.
Begge likar best å eta saman med andre.
– Eg likar best å eta saman med nokon, seier Ingeborg.
– Ja, helst saman med nokon, svarar Sunniva.
Snakkar om dagen
Rundt middagsbordet får familien tid til å fortelja kvarandre om små og store ting som har skjedd.
– Me pleier å snakka om skuledagen, fortel Ingeborg.
Hos Sunniva handlar samtalen ofte både om det som har skjedd, og om planane til familien.
– Me snakkar om det som me skal den dagen, og det som har skjedd den dagen, fortel ho.
For både Ingeborg og Sunniva er det menneska rundt bordet som gjer måltidet ekstra hyggjeleg.
– Det å ha folk rundt meg er viktig, seier Ingeborg.
Sunniva er einig.
– Å vera saman med nokon og liksom ha noko å snakka om er det beste, seier ho.

Familie og bestevenner
Jentene får også vera med på å påverka kva familien skal ha til middag.
– Ja eg får vera med på å bestemma det av og til, svarar Ingeborg.
– Ja, nokon gongar, seier Sunniva.
Men kva om dei kunne invitert akkurat kven dei ville på middag – og fått velja maten heilt sjølve?
Ingeborg ville samla alle dei næraste rundt bordet.
– Eg ville invitert heile familien, og me ville ete biff og grønsaker.
Sunniva ville invitert venegjengen sin.
– Kanskje dei fire bestevenene mine. Eg trur me ville ete pizza!





















