I Aust-Europa er det mange som har lagt merke til at snøen som la seg på bakken er farga oransje, skriv Dagbladet.
Kva er det som fargar snøen slik?
Steven Keates som jobbar ved Storbritannias svar på Meteorologisk institutt, MET office, seier til avisa Independent at dei trur det er sand frå heftige sandstormar i Nord-Afrika som har blanda seg i snøen i Russland.
– Satellittbilete frå NASA viser mykje sand og støv frå atmosfæren som driv over Middelhavet. Når det regnar eller snør, så tek nedbøren med seg sand i atmosfæren, seier Keates til avisa.
Russiske Margarita Alshina publiserte fleire bilete av snøen på sin Instagram.
Kvifor kallar vi det «blodsnø»?
Små sandpartiklar kan reise langt i atomsfæren før dei kjem ned att. Det høyres kanskje dramatisk ut – men ordet «blodregn» eller «blodsnø» skildrar berre forureina eller misfarga nedbør. Lufta frakter med seg små sandkorn, og då kan det bli regn med ein farge som minnar om den blod har.