Kjempeskjelpadder tilbake på Galápagos-øya etter 150 år

Skjelpaddene er mellom 8 og 13 år gamle og vart sloppe frie for å hjelpa naturen på øya til å koma seg igjen.
– Dei er store nok til å bli sloppe laus og kan forsvara seg mot innførte dyr som rotter og kattar, seier Fredy Villalba, direktør for Galápagos nasjonalparks avlssenter til VG.
For over to hundre år sidan budde det rundt 20 000 kjempeskjelpadder på Floreana. Kvalfangst, ein øydeleggjande brann og omsynslaus menneskeleg utnytting førte til at dei vart fullstendig utrydda på øya.
700 skjelpadder
Dei gjeninnførte skjelpaddene har mellom 40 og 80 prosent av det genetiske materialet til arten Chelonoidis niger, som har vore utdøydd i 150 år.
Biologen Washington Tapia seier at målet er å føra arten til den opphavlege reinleiken sin. Denne utsleppsrunden er berre starten – totalt er det planlagt å sleppe ut 700 skjelpadder.
Skriven ut frå Framtidajunior.no · framtidajunior.no
Kva meiner du?
98 svarEin larve sit på botnen av ein brønn som er 10 meter djup. Kvar dag klatrar larven tre meter, men om natta sklir han to meter ned igjen. Kor mange dagar tek det for larven å kome seg opp til brønnkanten?
Trykk på eit svar for å sjå kva andre meiner. Vi lagrar ikkje kven som svarar.