Land som tapar ein krig har brukt mykje pengar på millitæret forgjeves. Alle desse pengane kunne vi heller ha brukt på for eksempel sjukehus, medisin og for å bygge opp Noreg.
Det er veldig mange barn i verda som døyr på grunn av at dei ikkje får medisin når dei er i krig, og det synest eg er veldig dumt. Det er mange som heller ikkje får behandling av ein lege fordi legane ikkje har det utstyret dei treng på sjukehuset. Eg håpar at mange fleire kan få behandling raskt sånn at dei kan leve eit lengre og betre liv som mange andre her i verda. Vi treng fleire sjukehus og meir medisin slik at alle som treng hjelp får det med ein gong i staden for å måtte vente så veldig lenge. Viss vi brukar meir pengar på helse i staden for krig, kan kanskje fleire folk få den helsehjelpa dei treng.
Kjære Jonas. Eg håper at du kan bruke Noreg sine pengar på helse og kanskje inspirere andre land til å gjere det same. Tenk på alle menneska som du kan hjelpe.
Skribenten går i klassen på Nordsida skule som vann skrivekonkurransen til Framtida Junior om krig og fred.






















