– Det er jo faktisk eit kjempestort problem. Nynorsk og bokmål er to likeverdige og likestilte skriftspråk. Begge er norske. Og det er naudsynt at begge er synlege i norskspråkleg kino, seier Åse Wetås i Språkrådet til NRK.
Ho meiner mange ville likt å sjå filmar med nynorskteksting.
– Det finst eit stort publikum der ute som gjerne vil sjå film og kino med nynorskteksting, seier ho.
Ber om nynorsk
Også Espen Lundberg Pedersen i Film og Kino seier at fleire kommunar allereie ber om nynorsk teksting. Det er filmdistributørane som bestemmer kva målform filmar får. Sidan det ikkje er krav om nynorsk, vel dei som oftast bokmål.
Norsk filminstitutt seier at dei gjerne vil ha meir nynorsk, men at distributørane bestemmer sjølve. Men det kan koste meir å laga både nynorsk og bokmål tekst på filmane. Det gjer at mange vel nynorsk bort.
Språkrådet håpar likevel at fleire kinoar og strøymetenester vil ta nynorsk i bruk framover.






















