USA er eit stort og rikt land som har gjeve mykje hjelp til fattige land i verda. Dei har gjeve pengar til sjukehus, medisinar og helsearbeidarar gjennom noko som heiter bistand.
Bistand er til dømes når eit land gjev pengar og hjelp til eit anna land for å hjelpa.
Alvorleg avgjersle
Det amerikanske byrået for internasjonal utvikling (USAID) har stått for over 40 prosent av pengane til verdas bistand, skriv NRK.
Men no har presidenten i USA, Donald Trump, bestemt at landet skal bruka mykje mindre pengar på slik hjelp.
Ein ny studie viser at dette kan vera veldig alvorleg.
- Over 14 millionar menneske kan døy før år 2030 fordi dei ikkje får helsehjelpa dei treng.
- Éin tredel av desse er små barn.
- Mange har tidlegare fått hjelp til å overleva sjukdommar som malaria og lungebetennelse.
Ein av forskarane seier at dette kan følast like dramatisk for dei fattige landa som då koronapandemien kom. Pandemi er ein sjukdom som spreier seg til mange land i verda, slik som koronaviruset gjorde.
– For mange låg- og mellominntektsland vil sjokket vera samanliknbart med ein global pandemi, seier Davide Rasella til tidsskriftet The Lancet, som fyrst omtala saka.
USA kutta mest
13. mai kom nye tal frå Norad om kor mykje pengar som blir gitt til bistand i verda. Fleire land gav mindre støtte i 2024 enn dei gjorde i 2023. Eit av landa som kutta mest var USA. I tillegg fraus Donald Trump støtta til bistandsorganisasjonar i januar, og har sidan kutta i meir støtte.
Forskaren Brooke Nichols såg korleis dette ville utvikla seg, og laga ein matematisk modell som syner konsekvensane. Ifølgje barometeret Impact Counter, døyr 88 personar i timen som følgje av kutta til USAID aleine.
Sjukdomar som tuberkulose, HIV og malaria aukar. I løpet av eitt år reknar modellen at 155 964 barn vil døy av underernæring grunna USA sin stans i støtte til USAID.