Ny NRK-serie om Emma Gunnarsen

Emma Gunnarsen (16), veslesøstera til tvillingduoen Marcus og Martinus, får sin eigen TV-serie på NRK.

I ei pressemelding fortel NRK at dei skal sende ein dokumentarserie som følgjer Emma Gunnarsen gjennom eit heilt år. Serien har premiere i kveld, onsdag 21. mai.

Ifølgje NRK blir sjåarane kjende med to ulike sider av henne i serien: artist-Emma, som elskar å opptre og møta fansen – og vanlege Emma, som trivst best heime i Trofors med hunden Tico.

Foto: Fenomen / NRK

– Det har vore ei heilt spesiell oppleving å filma denne serien. Å opna opp og dela så mykje av livet mitt har både vore utfordrande og fint. No som serien snart skal visast for publikum, kjenner eg på både nervøsitet og glede. Eg håpar folk kjenner seg igjen, blir rørt, og kanskje får ei ny forståing av kven eg er og kva eg har gått gjennom, seier Emma.

Foto: Fenomen / NRK