Slik vart 17. mai feira etter krigen var slutt

I år er det 80 år sidan andre verdskrig var over. Sjå korleis Noreg feira sin første nasjonaldag etter frigjeringa frå Tyskland.

Denne saka vart først publisert hjå systeravisa vår, Framtida.

Den 8. mai 1945 var Noreg igjen eit fritt land etter å ha vore under tysk okkupasjon i fem år. Det var difor duka for ein historisk 17. mai den våren.

Den 13. mai kom kronprins Olav attende frå eksil i London og helste på folket frå slottsbalkongen, nokre dagar før han stod der på ny og vinka til toget med over 200 000 skulebarn.

Kronprins Olav V helsar folket på slottsbalkongen 13. mai 1945. Fotograf: Nikolai Ramm og Ragni Østgaard. Riksarkivet. RA/PA-1951/U/Ub/L0001

Stor feiring i Bergen

I vestlandshovudstaden melde Bergens Tidende om folkefest med innslag av britiske militære myndigheiter og fleire hundre bergenske akademikarar.

«Vi kan trygt si at aldri har Bergen hatt en slik 17. mai som i går. Været var ikke det beste, om formiddagen mens flaggtoget gikk gjennom byen regnet det rett og slett – seinere ble det noe bedre. Men den tilslutning de forskjellige tog hadde fått, overgikk alt hva vi har sett noe år tidligere».

Bergens prestar er samla og har på seg ein forgjengar til dages russelue. | Fotograf: Leon og Birgit Jacobsen. Statsarkivet i Bergen i Riksarkivet. SAB/SAB/PA-0607/U/Ua/L0006

Den gong, som no, var det korps som sytte for stemninga på nasjonaldagen.

Militærmusikken spelar under 17. mai-feiringa i Bergen i 1945. Fotograf: Leon og Birgit Jacobsen. Statsarkivet i Bergen i Riksarkivet. SAB/SAB/PA-0607/U/Ua/L0006

Nord-Noreg, som var spesielt hardt råka av krigen, var representert tydeleg under markeringa i Bergen. Det same var tysklandsfangane, som gjekk under eiga fane.

Fangar frå krigen fekk ein spesiell plass under den første grunnlovsdagen. Her er fana for Ulven-fangeleir òg presentert. Fotograf: Leon og Birgit Jacobsen. Statsarkivet i Bergen i Riksarkivet. SAB/SAB/PA-0607/U/Ua/L0006

I Nord-Noreg såg feiringa ganske annleis ut. Sjukepleiar Marie Lysnes tok bilete frå eit feltsjukehus i Kautokeino i Finnmark.

Dei feira med vaflar, kakao, ein pakke kjeks og ei plate mjølkesjokolade til kvar.

I Finnmark var feiringa meir sparsam, etter at Tyskarane hadde øydelagt store delar av fylket. Fotograf: Marie Lysnes. Riksarkivet. RA/PA-0873/U/L0001/0001

Hjå våre naboar i Sverige vart både frigjeringsdagen og 17. mai 1945 feira stort, sidan mange nordmenn hadde flykta over grensa.

Barn feirar 17. mai i Stockholm i 1945. Fotograf: Ukjent. NTBs krigsarkiv i Riksarkivet. RA/PA-1209/Uc/65/1-2