9 tips for ein meir klimavennleg kvardag

Ulrikke Bryn Wethal forskar mellom anna på kva norske hushaldningar kan gjere for klima og miljø. Her kjem ho med tips til korleis du kan vere meir klimavennleg i kvardagen.

1
REPARASJON: Ved å ta vare på tinga sine og reparere det som er sundt, framfor å heile tida kjøpe nytt, er ein klimavennleg. Illustrasjonsfoto: Pixabay

Ta vare på dei tinga du har

Noko som kan redusere klimagassutslepp, er om vi held ved like, reparerer og deler på dei tinga vi allereie eig. Slik varer tinga våre lengre og vi treng ikkje produsere meir enn nødvendig.

2
PÅ AVVEGE: Mykje av søpla vi kastar i Noreg kan hamne i fattige land som ikkje har moglegheit til å handtere ho. Avfallet vårt får difor konsekvensar for lokalbefolkninga der. Illustrasjonsfoto: Hermes Rivera / Unsplash

Kast minst mogleg

Veldig mykje av det vi kastar av elektronikk, klede og plast, forsvinn ut av Noreg. Då endar det ofte opp i fattige land som ikkje klarer å handtere søpla på ein klimavennleg måte.

3
SORTER: Det er viktig å sortere søpla ein kastar i den grad ein kan. Illustrasjonsfoto: Colourbox

Sorter det du kastar

Sorter søpla når du først kastar noko. Ved at vi gjere det, får vi resirkulert det vi kan. Samstundes legg det at vi er flinke til å sortere press på at systemet for resirkulering og ombruk skal bli endå betre.

4
BRUKTSHOPPING: Ein kan følgje motebildet, samstundes som at ein er klimavennleg og handlar brukt. Illustrasjonsfoto: Waldemar / Unsplash

Kjøp brukt

Barn og unge kan ha eit ønskje om å ha dei nyaste tinga og det som er in, men ein treng faktisk ikkje å kjøpe heilt nytt for å følgje trendar. I dag får ein nemleg tak i det meste på bruktmarknaden.

5
MATLAGING: Å ta medvitne val om kva råvarer ein bruker i matlaging, kan hjelpe klima. Illustrasjonsfoto: Annie Spratt / Unsplash

Et meir vegetarisk og kortreist mat

Eitt av dei største utsleppsområda for klimagassar er mat. Når det gjeld dette området, kan ein vere klimavennleg ved å velje vegetarisk mat og norske råvarer som er i sesong.

6
FAMILIEFERIE: Det er meir klimavennleg om ein vel å ta familieferien til dømes ute i den norske naturen, heller enn å reise til utlandet. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB

Utfordre foreldra og familien din

Barn og unge kan utfordre dei heime til å tenkje nytt og ta val som er bra for klima og miljø. Ein kan til dømes stille spørsmål som «Må vi til utlandet på ferie, eller kan vi gjere noko anna?» og oppmode til å stemme på politiske parti som vil gjere samfunnet meir klimavennleg.

7
TRANSPORT: Sykkel er eitt av klimavennleg og lett tilgjengeleg transportmiddel. Illustrasjonsfoto: Colourbox

Gå, sykle eller ta kollektiv transport

I staden for å bli køyrt med bil, er det fint å gå eller sykle dei gongane reiseavstanden er kort nok til det. Vel heller kollektivtransport enn bil for lengre reiser.

8
VENNEPRAT: Om ein snakkar med vennane sine om val ein tek i kvardagen for å vere meir klimavennleg, kan det bli enklare og faktisk vere det. Illustrasjonsfoto: Thomas Brun / NTB

Snakk med vennane dine

Det kan vere lurt å snakke om kva som eigentleg er viktig i livet. Kanskje er ikkje svaret de store, lite klimavennlege forbruket vårt, men heller opplevingar, personane vi er glad i og god helse. Det er enklare å ta klimavennlege val om fleire står saman om det.

9
STÅ SAMAN: Om ein engasjerer seg i klimasaka saman med andre, kan ein få større påverknadskraft. Illustrasjonsfoto: Tom Hansen / NTB

Engasjer deg

Ved å til dømes vere med i ein miljøorganisasjon, kan ein få betre forståing for kva som skjer i samfunnet når det gjeld klima. I tillegg kan ein vere med å påverke politikken.