Ein ørken er nemleg eit område der det regnar mindre enn 250 millimeter i året.
Varme ørkenar er veldig varme heile året, men har store temperaturskilje mellom dag og natt. Kalde ørkenar er område i polområda der det også er veldig lite regn, men temperaturen er låg. I kalde ørkenar er vatnet ofte frose, så det er vanskeleg for både planter og dyr å finne vatn.
Dette er verdas seks største ørkenar:
Antarktisørkenen (Sørpolen) – 14 millionar km²
![](https://framtidajunior.no/wp-content/uploads/2025/02/1024px-Mt_Herschel_Antarctica_Jan_2006.jpg)
Sjølv om det er kaldt, blir Antarktis rekna som ein ørken på grunn av ekstrem tørke og lite nedbør.
Arktisørkenen (Nordpolen) – 13,9 millionar km²
![](https://framtidajunior.no/wp-content/uploads/2025/02/1024px-Sea_ice_terrain.jpg)
Arktis er også ein kald ørken, med lite nedbør og ekstremt kalde temperaturar.
Sahara – 9,2 millionar km²
![](https://framtidajunior.no/wp-content/uploads/2025/02/1024px-Sahara_desert.jpg)
Sahara er den største varme ørkenen i verda. Sahara-ørkenen dekkjer det meste av Nord-Afrika, og er nesten på storleik med land som Kina og USA.
Den arabiske ørken – 2,3 millionar km²
![](https://framtidajunior.no/wp-content/uploads/2025/02/slack-imgs.com_.jpeg)
Denne ørkenen strekkjer seg over store deler av den arabiske halvøya. Ørkenen finst i Saudi-Arabia, Jemen, Qatar, Oman, Jordan, Syria og Irak. I den arabiske ørkenen finst Sandsjøen Rub’ al-Khali i søraust og Hejjazfjella i vest.
Karakum-ørkenen – 350 000 km²
![](https://framtidajunior.no/wp-content/uploads/2025/02/Takirs_of_Karakum_Desert.jpg)
Karakum er ein sandørken i Turkmenistan, som ligg mellom Kopet Dagh-fjella og elva Amu-Darja. Ørkenen utgjer omtrent 90 prosent av Turkmenistans areal.
Kalahari (Afrika) – 900 000 km²
![](https://framtidajunior.no/wp-content/uploads/2025/02/1024px-Sand_dune_in_the_Kalahari_Desert_Namibia.jpg)
Kalahariørkenen er ein ørken i det sørlege Afrika som dekkjer store deler av Botswana og deler av Namibia og Sør-Afrika. Ørkenen ligg mellom elvane Zambezi og Oranje i ei høgd på mellom 900 og 1500 meter over havet.