– Blant 10–12-åringane viser resultata ei negativ utvikling på alle spørsmåla om skule, seier forskar Frøydis Enstad i ei pressemelding. Frøydis har ansvar for den nasjonale Ungdata junior-rapporten.
Samanlikna med åra før, er det no litt færre som er fornøgde med skulen dei går på, som trivst, som opplever at lærarane bryr seg, og som føler at dei passar inn blant elevane i klassen.
Sjølv om dei aller fleste svarar at dei trivst godt på skulen, fortel over sju av ti at dei kjedar seg i skuletimane. Om lag éin av tre fortel at dei ofte gruer seg til å gå på skulen.
Høge mobbetal
Frøydis Enstad er bekymra over høge mobbetal blant 10–12-åringane. I Ungdata junior svarar 13 prosent av barna at dei er utsette for mobbing omtrent kvar 14. dag eller oftare.
Fleire jenter enn gutar fortel at dei blir mobba jamleg. For begge kjønn er det litt fleire som opplever mobbing på 5. enn på 7. trinn.
36 prosent av barna svarar at dei har opplevd negative hendingar på nett eller mobil. Det kan handla om utestenging, truslar eller deling av sårande tekstar, bilete eller videoar. Det er fleire jenter enn gutar som opplever dette.
Norske barn og unge har det i hovudsak bra
– Me må likevel ikkje gløyma hovudbiletet frå undersøkingane, påpeikar forskarane. Dei aller fleste barn og ungdommar fortel om gode oppvekstvilkår og høg livskvalitet.
Dei aller fleste har venner, lever aktive liv, og har eit godt forhold til foreldra sine, skulen og staden dei bur. Rundt ni av ti barn og unge meiner at livet deira er bra.