FNs verdserklæring om menneskerettar - Artikkel 26. 1
“Alle har rett til undervisning. Opplæringa skal vere kostnadsfri, i det minste i den allmenne grunnskulen. Den elementære undervisninga skal vere pliktig for alle. Alle skal ha høve til å få fagopplæring, og det skal vere like vilkår for alle til å få høgre utdaning, alt etter dei evnene dei har.”
– I Somalia er det berre eitt av fem born som fullfører barneskulen, og i Afghanistan byrjar berre halvparten av borna på skule, fordi myndigheitene ikkje vil at jenter skal få skulegang. Over 200 millionar born fekk utdanninga si stoppa i 2022 på grunn av konflikt eller klimaendringar.
Det fortel Mathias Slettholm som jobbar med global utdanning i Redd Barna.
Det er om lag 250 millionar born i verda som ikkje får gå på skule.
Rundt 60 millionar born startar heller aldri på skulen.
– Det er i dei mest folkerike landa det er flest born som ikkje går på skule.
Det er land som India, Pakistan, Etiopia, Nigeria og Kina.
I land prega av konflikt og kriser er det ein særleg stor andel born som ikkje går på skule.
– Det å gå på skule er ein rett som alle born har. Det er utruleg viktig at ein lærar å lese, skrive og rekne, for det er vanskeleg å forstå kva som skjer rundt seg utan, seier Mathias.
Denne saka er ein del av det prosjektet «Ein menneskerett – FNs verdserklæring om menneskerettane 75 år». Prosjektet er gjennomført i samband med Framtida.no med støtte frå Fritt Ord.