1. oktober vart det målt 38,2 grader i innlandsbyen Montoro. Det slår den gamle temperaturrekorden for denne datoen, som vart sett i 2014 i Marbella 20 mil lenger sør (37,5 grader). I Sevilla vart det måndag også målt 38 grader, skriv NRK.
Hetebølgja er venta å vara over ei veke, ifølgje det spanske meteorologiske instituttet AEMET.
Fire av ti av målestasjonane deira har registrert temperaturar over 32 grader dei siste tre dagane, melder dei på X.