8 av 10 elevråd seier dei blir høyrt

– Eg synest det er kjempefint at nesten 80 prosent svarer at dei ofte blir høyrt på eller meir, seier leiar i Elevorganisasjonen, Petter Andreas Lona.

Dette svarer elevrådsleiarane:
  • Vi blir alltid høyrt på: 26 %
  • Vi blir ofte høyrt på: 56 %
  • Vi blir av og til høyrt på: 16 %
  • Vi blir sjeldan høyrt på: 2 %
  • Vi blir aldri høyrt på: 0,4 %

255 elevrådsleiarar på barneskular i Noreg har svart på undersøkinga.

LES FAKTALUKK FAKTA

Elevorganisasjonen arbeider for at elevar skal få seie meir om skulekvardagen sin. Dei blir ofte kontakta av elevar som føler at dei ikkje blir høyrt på skulen.

–Det er ikkje motiverande å bli fortalt at stemma di ikkje betyr noko. Heldigvis høyrer vi mange bra historier også. For eksempel om elevar som får vere med og bestemme korleis den nye skulegarden skal sjå ut, eller kva mattebok dei skal ha neste år, seier han.

Alle elevar skal få påverke kvardagen sin

I Elevorganisasjonen meiner dei at alle elevar skal få moglegheit til å påverke skulekvardagen sin.

– Derfor vil eg oppfordre dei som ikkje føler at dei blir høyrt på, til å krevje å få påverke i skulen. Dei kan også kontakte oss i Elevorganisasjonen viss dei treng hjelp eller tips, seier Petter Andreas.

– Treng skular elevråd?

– Ja! Den beste måten å sirke at stemma til elevane blir høyrt, er å samle seg. Skulen din blir ikkje noko bra viss det berre er dei vaksne som bestemmer, seier han.

– Bli med i elevrådet!

Petter Andreas var sjølv med i elevrådet då han gjekk på skulen.

– Mi kampsak på ungdomsskulen var å kjempe mot mobilfri skule. Dette var noko dei vaksne ville innføre i mange år. Men vi elevane ville ikkje ha mobilforbod. Heldigvis høyrde rektor på oss. Det var veldig kult å sjå at meininga vår betydde noko då vi elevar stod saman om det.

Han oppfordrar alle til å bli med i elevrådet.

– Slik kan du vere med og endre din eigen skule. Og viss du føler at rektor ikkje høyrer på deg, er vi mange som kan hjelpe deg, seier han.