Høyrer ikkje rektor på elevrådet? Tonje har nokre tips:
- Sett deg ned – gjerne saman med elevrådet eller andre medelevar – og prøv å skrive ned akkurat i kva saker de meiner de ikkje blir lytta til. Kvifor er saka viktig for dykk? Kva skal til for at de kan finne ei løysing? Det er lettare å bli høyrt når ein har sett seg godt inn i kva saka faktisk handlar om.
- Du kan også snakke med lærarar eller andre vaksne på skulen og høyre om dei har nokre gode råd. Det som er viktig når vi skal finne gode løysingar, er å lytte og prate med kvarandre.
– Det gjer meg veldig glad at så mange elevar føler at dei blir lytta til på norske skular. Det skal vi vere stolte av! seier ho
Kunnskapsministeren trur det å engasjere seg i noko, er veldig viktig.
– Det gjer at du lærer masse, samtidig som du har det gøy. I elevrådet øver du deg på demokratiet kvar dag. Du får trening i å argumentere, samarbeide og snikre saman gode løysingar. Alt dette kjem du til å trenge vidare på skulen og som vaksen, seier Tonje.
Var elevrådsleiar då ho gjekk på skulen
Tonje var sjølv elevrådsleiar på skulen sin i Jessheim.
– Eg syntest det var skikkeleg spennande å diskutere korleis vi kunne gjere skulekvardagen endå betre, seier ho.
På norske skular er det eit viktig prinsipp at elevar får medverke, at dei blir lytta til og at dei får påverke ting som gjeld dei i skulekvardagen.
– Elevar skal bli tatt på alvor, og dei skal få oppleve kva demokrati er i praksis. Derfor styrker vi også elevmedverknaden i den splitter nye opplæringslova. Alle elevar skal ha rett til å delta i skuledemokratiet, og dei skal ha rett til å medverke i alt som gjeld dei sjølve etter lova, seier Tonje.
Kunnskapsministeren synest det er skikkeleg bra med elevar som har lyst til å bidra på skulen sin.
– Eg heiar på alle elevråd og alle flinke elevrådsrepresentantar! Aldri slutt å engasjere dykk. De gjer ein viktig innsats for både skulen og klassekameratane dykkar.
- Les også: 8 av 10 elevråd seier dei blir høyrt