Klimaklubben bad klimasjefar om å lytta til barn og unge

Då klimasjefane frå 70 verksemder på Vestlandet møttest for å diskutera kva dei skal gjera for å nå klimamåla, fekk dei seg ei overrasking. Klimaklubben på Landås skule møtte opp for å fortelja leiarane kor viktig det er at dei lyttar til barn og unge.

– Rett før påska deltok me på møtet til Klimapartnere Vestland. Barna laga ein appell og vi song ein song, fortel Endre Try Tufteland som jobbar både som leiar i Klimaklubben og som lærar ved Landås skule.

– Det var kjempegøy! Me fekk snakka med mange klimasjefar om kva dei vil gjera for klimaet, fortel Aksel Seljesett Johannessen (12).

ENGASJERT: Aksel jobbar for at klimaklubben skal bli høyrt. Foto: Endre Try Tufteland

Med klimasjefar meiner Aksel dei som har ansvaret for klimaarbeidet i bedrifter, kommunar og fylket.

– Dei satt på forskjellige bord, så gjekk me rundt og stilte dei spørsmål, seier Endre Espeland McCann (12).

TAR VARE PÅ NATUREN: Endre synest det var spennande å snakka med klimasjefane om kva dei kan gjera for å nå klimamåla. Foto: Tordis Marie Espeland

Elevane utfordra klimasjefane på kva dei kan endra på for å vera meir klimavennlege, men nokre av klimasjefane var også interessert i kva elevane meiner dei bør gjera annleis.

– Nokon spurde oss om kva me meiner dei skal gjera for klimaet. Eg svara at dei må gjera det å vera klimavennleg til noko som er gøy! Då vil alle vera med, seier Aksel.

– Me delte også ut larvar til dei som ville ha, for å visa at me er opptekne av klimavennleg mat, fortel Endre.

SPENNING: Stemninga var til å ta og føle på før elevane skulle halda appellen framføre alle i salen. – Det var veldig kjekt, men ekstra spenning då dei var litt forseinka, og me måtte vente i eit rom bak scena, fortel Aksel. Foto: Karen Bårdsen

– Eg synest larvar er veldig godt. Dei smakar som chips utan salt, ler Aksel.

Spenning i lufta

Stemninga var til å ta og føle på før dei skulle halda appellen framføre alle i salen.

– Det var veldig kjekt, men ekstra spennande då dei var litt forseinka, og me måtte venta i eit rom bak scena, fortel Aksel.

– dei visste ikkje at me kom. me skulle vera ei overrasking for alle, så det var gøy, seier Endre.

Gutane og resten av Klimaklubben var nøgd med responsen frå publikum.

– Dei var imponert, og dei sa at me påverka dei og gjorde inntrykk. Me ville visa dei at me bryr oss om kva dei driv med. Dei må høyra på oss som er yngre, seier Aksel.

Under bilete kan du lese songen klimaklubben song framføre publikum.

LARVAR: – Me delte ut larvar til dei som ville ha, for å visa at me er opptekne av klimavennleg mat, fortel Endre. Foto: Privat

Verden vår

Alle vet at det må skje noe nå

FN krever handling

at alle må forstå

Stormer står i kø,

med flom og ras på land

Verdens skoger står i brann

og hus står under vann.

 

Vi vil ta vare på verden vår!

Før den har fått alt for store sår.

Vi vil ta vare på verden vår.

Sykle til skolen så bilen står.

Vi vil ta vare på maten vår

Plukke og spise av det vi sår.

Vi vil ta vare på verden vår

Hvem er imot at vår verden står?

 

Alle vet at noen kaster mye boss

på veiene rundt skolen vår

i bekken og i foss

Vet de ikke at bekken tar med alt

den vasker med seg boss og plast

Til havet stort og salt?

 

Vi vil ta vare på verden vår!

Før den har fått alt for store sår.

Vi vil ta vare på verden vår.

Sykle til skolen så bilen står.

Vi vil ta vare på maten vår

Plukke og spise av det vi sår.

Vi vil ta vare på verden vår

Hvem er imot at vår verden står?

 

Tekst: Endre Try Tufteland