«Kom som du er» – den nye venskapssongen på nynorsk

Har du høyrt den nye venskapssongen «Kom som du er»? Danseelevar ved Ørsta og Volda Ballettskule har spelt inn instruksjonsvideoar sånn at du kan læra deg å dansa til songen.

Fakta om songen:
  • Det er Nynorsk kultursentrum som står bak prosjektet i samarbeid med Nynorsksenteret.
  • «Kom som du er» er komponert av Synne Vorkinn, også kjent som Synne Vo, i samarbeid med Bjørn Helge Gammelsæter.
  • Line Dybedal, er vokalist.
  • Dansepedag og miljøterapeut Trude Hustad Hovdenakk har laga koreografien til dansen.
  • Barne- og ungdomsarbeidar Hilde Østhuus har omsett refrenget til teiknspråk.

(Kjelde: Pressemelding frå Nynorsk kultursentrum)

LES FAKTALUKK FAKTA

«Kom som du er» er ein leiken og fengjande song på nynorsk. Få med deg vener, klassa eller skulen og øv inn både songen og den tilhøyrande dansen, skriv Nynorsk kultursentrum i ei pressemelding.

Har laga dansevideo

Engasjerte danseelevar ved Ørsta og Volda Ballettskule har spelt inn instruksjonsfilmar til dansen til «Kom som du er». Dei gler seg til å lære dansen vidare til andre barn og unge over heile landet.
– Songen handlar om venskap, seier danseelevane i kor.
– Han handlar også om at du må vere deg sjølv, seier ei av jentene.
– At me passar på kvarandre og er trygge på kvarandre, legg ein av dei unge dansarane til.

nynorsk.no og nynorsksenteret.no finn du tekst, tekstvideo og ulike lydfiler til songen i tillegg til filmsnuttar med danseinstruksjonar. Det er berre å setje i gang å øve og bli ein del av fellesskapen!

Endeleg på nynorsk

– Endeleg har me fått ein venskapssong også på nynorsk. Det var på høg tid, seier formidlingsleiar Tone Slenes i Nynorsk kultursentrum. Me håpar dette blir ein song og ein dans som vil gå igjen både i venegjengar, klasser og på skuleavslutningar i sommar.