Martinus budde eitt år i Sør-Korea

I over eitt år budde Martinus Dalsøren (8 år) i Sør-Korea. Der gjekk han på internasjonal skule, og måtte snakke engelsk.

Martinus, veslebror Olav, mamma Kari og pappa Johan flytta til Sør-Korea fordi pappaen skulle jobbe der eitt år. No er dei tilbake i Noreg.

Før eg reiste grudde eg meg skikkeleg, seier Martinus. Eg ville ikkje flytte frå venene mine.

EIN SPENT GUT: På sin fyrste skuledag i Løve-klassen var det godt å snakke med mamma. (Foto: Johan Dalsøren).

Vanskeleg i starten

Men reise gjorde dei, og Martinus byrja i Løve-klassen. Det var 3. trinn på ein internasjonal skule, der det også gjekk andre nordmenn. Det var eigentleg eitt trinn over det han eigentleg skulle gått i Noreg. All undervisning føregjekk på engelsk. No måtte Martinus lære alt. Han måtte få nye vener, snakke engelsk, og forstå kulturen i eit nytt og spanande land.

– I starten var alt vanskeleg, seier Martinus. – Og eg kjeda meg mykje.

Leksefri kule

Skulen var litt annleis enn i Noreg. Det var leksefri skule, sjølv om mammaen til Martinus likevel gjorde litt heime saman med han. Dei las mykje bøker og gjorde matematikk saman.

– Om morgongen måtte vi stille opp på ei rekke, og så gjekk vi inn til timen. Der kunne vi til døme ha Morning fitnes, ein slags morgongymnastikk.

I Noreg seier ein kanskje berre førenamnet til læraren sin, eller så seier ein berre “du”, men det gjorde ikkje Martinus i Sør-Korea.

– Min lærar heitte Mister Mark, og det var det vi sa når vi skulle snakke med han. I tillegg måtte vi rekke opp heile handa, og ikkje berre ein finger, slik som vi kan gjere i Noreg.

GODE VENER: Gaku og Martinus blei gode vener. (Foto: Kari Brandal)

Pokémon var redninga

Etter ei stund fekk Martinus vener. Han blei god ven med Gaku, Oliver og Ludvik.

Vendepunktet frå å føle seg einsam til å få vener skjedde då Martinus blei kjend med ein japansk klassekamerat som heiter Gaku. Martinus fekk ein Pikachufigur av han, som var starten på eit godt venskap. Saman fekk dei interessa med å samle pokémonkort.

Pokémon var kjempepopulært også i Sør-Korea. Martinus har to fulle permar som er fullstappa med pokémonkort.

– Og i Sør-Korea var det veldig billig, seier Marius. – Det kosta berre 3,50 kroner for ti kort.

PIKACHU: Denne pokemonfiguren fekk Martinus av Gaku, sin japanske klassekamerat. Det var starten på eit godt venskap mellom klassekameratane.
FOTBALL: Gjennom fotballen skaffa Martinus seg gode vener. Der snakka dei same språk. (Foto: Kari Brandal).

Fotball er likt overalt

Gjennom fotballen fekk Martinus også gode vener. I fotball har ein same reglar. Sjølv om ein snakkar norsk, engelsk, japans eller koreansk så klarar ein å komunisere gjennom spelet.  Martinus hadde gått på fotball i to år før han reiste, så det var fint for han å gjere noko med venene som han kunne frå før, utan at dei måtte snakke og diskutere så veldig.

Nord-Korea som naboland

Det at dei hadde Nord-Korea som næraste naboland gjorde ingenting. Dei merka ingenting av den spente stemninga som er mellom USA og Nord-Korea.

– I Sør-Korea var livet som før, og ein tek ikkje trugselbilete på alvor, seier mammaen til Martinus.

Ho budde sjølv i Singapore då ho var yngre, for faren hennar jobbar der. Så ho har god erfaring med å bu i andre kulturar og land enn i Noreg.

Mammaen til Martinus trur at mange her heime i Noreg var meir uroleg enn det ho var, for dei følte seg trygge.

– Alt av nyhende om Nord-Korea og USA las dei gjennom norske nyhende. Det var ikkje noko fokus på det i Sør-Korea.

Multiplikasjonstabellen

No er Martinus tilbake til den norske skulen sin heime i Ulsteinvik. Noko han er glad for. Han sit igjen med mange gode minner frå året då han var langt borte frå Noreg. Sjølv om det til tider var vanskeleg å leve i eit land som er så annleis enn Noreg, veit han at han har lært mykje.

På utviklingssamtalen før jul kom det fram at Martinus er ein kløppar på “gangetabellen”, sjølv om dei ikkje hadde byrja å jobbe med den her i Noreg.

– Den lærte eg meg i Sør-Korea, og det hadde dei ikkje gjort her i Noreg, seier Martinus.