Det politiske partiet Te Pati Māori er oppteken av rettane til māorifolket på New Zealand, nabolandet til Australia. No har dei samla inn 70.000 underskrifter for å endra namnet på New Zealand til Aotearoa. Dei vil også få tilbake gamle māori-namn på alle byar og stadar innan 2026.
Med så mange underskrifter kan saka stemmast over av politikarane i parlamentet i New Zealand.
Māoriane er dei som budde på New Zealand før europearane oppdaga og busette seg der. I dag utgjer dei kring 15 prosent av dei fem millionar innbyggarane i øylandet. Aotearoa tyder «landet med den lange kvite skya».