– Å laga falske nyheiter er veldig kult. Me har jo i utgangspunktet lært at det ikkje er noko me skal driva med. Her fekk me gjera akkurat det motsette, seier Maria Tenstad Damm på video til Framtida Junior.
Saman med Kamilla Bakstad, Jonatan Ekeberg, Christian Alsaker har ho i det siste jobba med eit spennande prosjekt i samarbeid med Forsvarets forskningsinstitutt (FFI).
Prosjektet gjekk ut på å overbevise representantar frå Youth Atlantic Treaty Association Norway (YATA), om at noko som ikkje var sant, faktisk var sant. Dette gjorde elevane ved å laga ei rekkje tweets, som skulle vera mest mogleg truverdig.
Les også: Svært nøgd med innsatsen til elevane: – Dei var veldig på ballen
Vanskeleg å skilja ekte og juks
– Forsvaret har ein eigen klone av Twitter, som er veldig lik det originale mediet. Inne i klonen produserte me forskjellige brukarar og sende ut meldingar, seier Christian.
Elevane forklarer at dei mest overbevisande nyheitene dei produserte, var dei som gjorde sterkast inntrykk.
– Eg fann eit bilde av ei jente med teatersminke på ryggen, der det såg ut som nokon hadde slått ho. Når eg la på ein tekst som passa bildet, vart det veldig truverdig, seier Kamilla.
Det er få som tenkjer over kva som er falskt og ikkje i sosiale medium. At det er fort å bli lurt, kan raskt bli eit problem.
– Det å skilja mellom ekte og juks, er heilt ekstremt vanskeleg. Derfor er det beste tipset å ikkje dela vidare noko du ikkje er sikker på er sant, seier Maria.
– Ta det heile med ei klype salt
Elevane forklarar at falske nyheiter er blitt veldig aktuelt no, på grunn av krigen mellom Russland og Ukraina. Sosiale medium flyt over med falsk informasjon.
– Spesielt på TikTok er det få som legger inn kjelder. Derfor er det viktig å vera kritisk til det du ser, og ta det heile med ei klypa salt, seier Christian.
Dei andre nikkar einig, før Jonatan legg til:
–Ta deg den tida det tek for å skaffa eit heilskapleg bilde. Sjølv om me er unge, er det mange på vår alder som blir lurt også.
Elevane er glad for at greidde å oppnå målet sitt.
– Me skulle læra og hjelpa FFI med å finna ut kor lett det er å bli lurt av falske nyheiter i sosiale medium. Det greidde me, seier Maria.