Kva skjer?
– Når du slepp ballongknuten i hinna på botnen, blir ein luftstråle pressa gjennom det sirkulæret holet. Då vil luftmolekyla som treff kanten bremsa, medan luftmolekyla i midten vil røra seg med auka fart og blåsa ut lyset viss du siktar rett, fortel Ane.
Du treng:
- Ein plastkopp/pappkopp
- Ballong
- Teip
- Saks
Slik gjer du:
Klipp eit lite rundt hol i botnen av koppen. Det er viktig at holet er rundt med jamne kantar, og at det er plassert i midten av botnen. Kanskje kan ein vaksen hjelpa deg?
Lag ein knute på ein uoppblåst ballong, som du ville gjort om han var full av luft
Klipp bort ein del av den runde enden.
Trekk ballongen over toppen av koppen med knuten midt på, og teip den godt fast til koppen. Det må vera heilt tett, slik at inga luft slepp ut.
No er luftkanonen din klar! Klarar du å blåsa ut eit lys med luftkanonen? Tenn eit lys og sikt. Kvar langt unna kan du stå?
EKSTRATIPS 1: Bygg eit korthus, og riv det ned med luftkanonen.
EKSTRATIPS 2: Blås opp den andre ballongen og balansar han på kanten av eit bord, slå på ballonghinna og prøv å få den oppblåste ballongen til å falla ned frå bordet.
EKSTRATIPS 3: Tenn ein fyrstikk, blås han ut og plassar den sløkte fyrstikken inn i koppen slik at koppen blir fylt med røyk. Tapp lett på ballonghinna med fingeren din. Klarar du å laga ringar av røyken?