Undersøkinga det er snakk om, er gjort av Kantar for Sex og samfunn på hausten 2021. Og den viser klart at det er ei negativ utvikling når det gjelder seksualitetsundervisninga som norske elevar får.
Av dei som svarar på undervisninga, er det jentene som er minst nøgd, skriv VG.
Vil ha meir og betre seksualitetsundervisning
Elevane ønskjer at det blir sett av fleire timar til seksualitetsundervising på skulen. Halvparten av dei som svarar, seier at dei får mindre enn fire timar med seksualitetsundervisning på skulen i dag.
I tillegg ønskjer elevane også at undervisninga blir betre, og fleire etterlyser forskjellige tema i undervisninga. 2 av 3 av dei som har svart, saknar ulike tema innanfor seksualitetsundervisninga. Viss me samanliknar tala som kom fram etter at den same undersøkinga vart gjennomført i 2017, så svara under halvparten det samme som i dag.
Les også: Veke 6 vil gjera puberteten mindre skummel for alle: – Det at me er forskjellige er verdifullt
Høgare forventingar i dag
Maria Røsok, som er dagleg leiar i Sex og samfunn, seier til VG at ho trur at elevane har høgare forventningar til seksualitetsundervisning i dag, enn dei hadde for nokre år sidan. Fleire etterlyser også undervisning om kjensler og identitet.
– Seksualitet er veldig viktig for elevane. Han påverkar kvardagen deira og er ein viktig del av livet, særleg i ungdomstida, seier ho.
Også lærarane er misfornøgde med dagens undervisning, og berre 1 av 5 meiner at det dei kan tilby i dag er godt nok. Fleirtalet av lærarane meiner at undervisninga burde vore leidd av ein helsesjukepleiar.
Les også: Myter om puberteten