Forskarar frå Ruhr-Universität i Tyskland har undersøkt korleis søvn påverkar kor mykje sukker tenåringar et, skriv Ung.Forskning.no. Studien er publisert i eit vitskapleg tidsskrift som heiter SLEEP.
Dei undersøkte søvn og kosthald hjå 93 amerikanske ungdommar. Deltakerne gjekk gjennom to testar. I den eine testen hadde dei seks og ein halv time med hovudet på puta. I den andre testen hadde dei ni og ein halv time.
Lågt blodsukker
Forskarane kontrollerte ikkje kva ungdommane åt, men dei målte mellom anna kor mykje sukker dei åt.
Når ungdommane i testen sov lite, åt dei oftare mat som fekk blodsukkeret raskt opp – til dømes snop, bollar, energidrikk eller brus. Samtidig åt dei mindre frukt og grønt gjennom heile dagen. Spesielt etter klokka 9 på kvelden åt dei mat med meir sukker. Når vi søv lite, kan nemleg sukkernivået i blodet vårt variera meir. Lågt blodsukker gjer oss trøytte.
Forskarane trur trøytte ungdommar et eller drikk sukker for å halda seg vakne fram til sengetid.