17. desember var det 10 år sidan den forrige presidenten i Nord-Korea døydde. Han heitte Kim Jong-il.
I den samanheng har Kim Jong-un, som er noverande president, bestemt at folket i Nord-Korea ikkje får lov å uttrykkja glede på ti dagar, skriv The Guardian i ei sak.
Strenge reglar
I dette liggjer det mellom anna at det ikkje er lov å le, og det er også innført skjenkestopp i landet i tidagars-perioden.
På sjølve dagen for jubileet, var det heller ikkje lov å gå på butikken for å kjøpa matvarer.