Konstanse (7) lagar jul i sjokoladefabrikken

Tenk, å ha ein eigen sjokoladefabrikk i etasjen under der du bur stappfull av sjokolade i alle fargar og fasongar. Det har Konstanse Josefine Håheim Torsteinsdotter.

FAKTA: Om sjokolade
  • Ordet sjokolade kjem frå aztekarspråket nahuatl. Aztekarane kalde han «xocoatl», som tyder «bitter drikk». Dei blanda den reine, bitre sjokoladen med krydder, vanilje og litt honning som berre høgstatuspersonar kunne nyta.
  • Sjokoladepulveret blir laga ved å gjæra, brenna og mala bønner frå kakaotreet. Som regel tilset ein ulike stoff for å mildna den bitre smaken, til dømes sukker og mjølk. Så kan ein laga til dømes godteri eller sjokoladepålegg.
LES FAKTALUKK FAKTA

Det knirkar i døra idet me kjem inn i den vesle butikken som ligg heilt nede på kaia på øya Tysnes i Vestland. I det store kvite huset bur Konstanse (7) saman med pappa Torstein i andre etasje. I første etasje har dei laga sjokoladefabrikk og sjokoladeutsal.

– Det er magi i sjokoladane, ropar Konstanse ivrig bak disken. 

– Du berre må ha meir enn ein, forklarar ho. 

Ho står bak ein gamal kjøpmannsdisk som har uendeleg mange ulike sjokoladesmakar bak glaset. Her kan ein velja ei sjokoladekule eller kjøpa med seg ei heil eske.  

– Pappa, kan eg få ein?

– Ja, svarar Torstein.

– Pappa, kan eg få tre?

– Ja, det kan du. Men så må du ha middag, ler han.

Det er ikkje vanskeleg å forstå at Konstanse blir frista av all konfekten.

– Det er kjempegøy å ha ein eigen fabrikk under der eg bur. Av og til hjelper eg til å laga sjokoladen. Då kan eg eta så mykje eg vil – når eg får lov av pappa, seier Konstanse.

Pasjonsfrukt med magi

I store boksar bak disken står endå meir sjokolade, og hyllene er fylt med godsaker til jul. Tørre vafler, syltetøy, ristoppar og anna godteri.

– Favoritten min er denne, seier ho og peikar mot ei sjokoladekule med grønt dryss over.

– Inni er det pasjonsfrukt, forklarar ho og puttar heile inn i munnen. 

Artikkelen held fram under bilete.

MAGI: – Det er magi i sjokoladane, ropar Konstanse ivrig bak disken. Foto: Janne Nerheim

Det er ingen tvil om at det smakar godt. 

– Kan eg ta ein til sjokolade, pappa?

– Mhm, svarar Torstein som held på å ta betalt av ein kunde i den andre disken.

– Kan eg ta tre?

– Nei, svarar pappa. 

– To?

– Nei, no har du ete nok sjokolade, seier han.

– Du sa ja til éin!, seier Konstanse og bøyer seg ned for å ta ei kule til.

Sjølve fabrikken

Inn ei dør bak i butikken er det eit stort kjøken fullt at alt utstyret ein treng for å laga sjokoladane. Framtida Junior får berre stikka hovudet inn. Slik er det nemleg med slike store kjøken. Men, Konstanse får vera med inn i det aller heilagaste: Sjølvaste sjokoladefabrikken.

Der har dei utstyr for å laga sjokolade i alle fasongar. Kven som dryssar magien i sjokoladen, det veit me ikkje. Men, magisk jul i fabrikken er det ingen tvil om at det er.