Det har vore ei god veke for dyr i Frankrike!
Ei ny lov gjer det nemleg ulovleg å bruka ville sirkusdyr i Frankrike om to år. Det blir også ulovleg å eiga ville dyr, å driva med oppdrett av mink og å halda delfinshow, skriv NTB.
I tillegg til dette, er det også vedtatt at straffa for dei som misbruker dyr skal aukast. Dette brotet kan no gi opp mot fem år i fengsel og bøter opp mot 75.000 euro, noko som tilsvarar om lag 755.000 norske kroner.
Les også: SJÅ VIDEO: Dyrefritt sirkus i Dyreparken
Les også: Kjendisdelfinen Winter (16) er død
Folket støttar forbodet
President Emmanuel Macron sitt parti, La République en Marche (Republikken på veg), kallar vedtaket historisk med tanke på dyrevern.
Meiningsmålingar i Frankrike har vist at folket stiller seg bak det nye vedtaket. I franske byar er det allereie lokale forbod om bruk av ville sirkusdyr.