Ventelister på transplantasjonar er eit kjempeproblem. Nyrene har mange funksjonar, men den viktigaste oppgåva til nyrene er å fjerna avfallsprodukt og overflødig væska frå blodet.
Den norske kirurgi-professoren Pål-Dag Line har fått med seg hendinga i USA.
– I dette tilfellet har ein brukt moderne teknologi for å endra gena hos gris. Ein tar ein viss type gris der genane til grisane er modifiserte til å likna menneske, seier han til Nettavisen.
Å modifisere gener betyr å endra grisen sin genetiske samansetning, ved hjelp av genteknologi.
– No er det sånn at ein har verktøy som gjer at ein kan ta enkeltgener og endra dei. For å seia det litt enkelt. Det ser framleis ut som ein gris, men har andre genar.
Eit mirakel
Pål-Dag Line forklarer det dei amerikanske kirurgane har fått det til slik:
– Dei har testa at eit genmodifisert organ frå ein gris, ikkje umiddelbart blir avstøtt av menneskekroppen. Normalt sett vil eit menneske få ein intens betennelsesreaksjon og blodårene i nærleiken av organet ville tetta seg, seier Line.
Av legane som bistod under operasjonen blir transplantasjonen kalla eit «mogleg mirakel», skriv NRK.