EU vil ikkje lenger nytta forsøksdyr i forsking

Førre månad vedtok eit fleirtal i Europaparlamentet at bruk av forsøksdyr skal fasast ut. No ber dei EU laga ein handlings- og tidsplan som er mogleg å oppnå.

Det har lenge vore snakk om å slutta med å bruka dyr i forsking innad i EU.
I 2010 kom det eit direktiv om vern av dyr i forsøk, eit direktiv som vart sett i stand i Noreg i 2015.

Etter dette har det ikkje skjedd så mykje meir. Nyleg vart likevel tråden tatt opp att då eit fleirtal i Europaparlamentet vedtok at bruken av forsøksdyr skal fasast ut, skriv forsking.no.

Noreg brukte 2,2 millionar forsøksdyr

I Europa har bruken av forsøksdyr gått noko ned – men slik er det ikkje i Noreg. Her ligger me på den andre sida heilt i toppen når det gjelder bruk av dyr til forskning. Det fortel Tore Kristiansen, som er leiar av Forsøksdyrkomiteen til forsking.no.

97 prosent av forsøksdyra som vart brukt i Noreg i fjor, var fisk. Det totale talet var på 2,2 millionar forsøksdyr. Han fortel dei historisk kjende rottene no i større grad er blitt bytta ut med mus.

– Rundt 50.000 mus vart brukt til forsøki Noreg i fjor. Dei blir brukt som «modellar» for ulike menneskesjukdommar.

Ei framtid med andre alternativ

Kristiansen trur at EU sine nye planar vil ha lite å seia for forskarane i Noreg på kort sikt – men at dei etter kvart må finna nye måtar å forska på.

– Forsøksdyrforskrifta seier allereie no at alternativ til forsking på dyr skal brukast viss dei finst. Også norske forskarar må belaga seg på ei framtid med meir bruk av andre alternativ, seier han.