Norske Casper Ruud (22) har klatra opp ein plass på ATP-rangeringa i tennis – no er han rangert som den åttande beste tennisspelaren i verda, skriv VG. ATP er forkortinga for Association of Tennis Professionals.
Ruud bytta plass med Dominic Thiem frå Austerrike – der nordmannen gjekk opp ein plass, medan austerrikaren gjekk ned ein plass.
Serbiske Novak Djokovic er framleis på toppen av lista. Byttet mellom Ruud og Thiem var den einaste endringa i topp 10-rangeringa.