Tips frå Ane til korleis du kan påverka:
- Sjølv om barn ikkje kan stemma, har alle ei stemme. Bruk den!
- Delta på streikar, som mellom anna skulestreikar.
- Send e-postar. Det er større sjanse for at den blir lest om du sender til ein politikar i nærmiljøet ditt. Start i det små.
– Det er veldig bra – og så viktig, at me har eit ord med i saka. Det er tross alt barna som skal leva på planeten i framtida, seier Ane Angeltveit (13).
I november pakkar ho og dei andre i Barnas Klimapanel sekken, og set snuten mot Glasgow i Skottland. Eit år etter at konferansen eigentleg skulle blitt arrangert, skal dei vera deltakarar på Klimatoppmøtet. Det gler dei seg stort til.
– Det blir spennande. Me er veldig heldige som får reisa, seier Ane.
Les også: Dette skal skje på klimatoppmøtet
Elskar havet
Ane har vore aktiv medlem i Miljøagentene i fire år, og i januar vart ho plukka ut til å få ein av dei åtte plassane i Barnas Klimapanel.
– Hadde det ikkje vore pandemi, hadde møtet vore i fjor. Då hadde ikkje eg fått vera med. Me er ein god gjeng, der alle er blitt gode venner sjølv om me ikkje har fått møtast så ofte.
Dei åtte deltakarane i Barnas Klimapanel har kvar sine saker som dei brenn ekstra for, som mellom anna issmelting på polane og regnskogen.
Ane si fanesak er havet.
– For min del er det viktig at me gjer noko med den generelle forsøplinga i naturen og plasten i havet. Eg bryr meg veldig mykje om dette. Eg elskar havet, seier ho.