Den ferske forskingsartikkelen tek for seg nok ei stor utfordring for den allereie trua norske isbjørnen som lever på Svalbard, skriv NRK.
Etterkvart som sjøisen minkar, søkk det genetiske mangfaldet blant isbjørnane på Svalbard. Det seier Snorre Hagen, so er forskningssjef ved Norsk institutt for bioøkonomi (Nibio) i Svanhovd i Finnmark til NRK.
Når sjøisen minkar, så vert det vanskelegare for isbjørn som ikkje bur på Svalbard å komma seg dit. Då må dei symja lenger, og det kan vera vanskeleg for dei.
Sidan færre isbjørnar kjem på besøk til Svalbard, så har dei fastbuande isbjørnane færre partnarar å velje mellom, når dei skal parra seg. Det betyr at det blir mindre variasjon i genene til isbjørnbabyane som vert fødde.
Biologisk mangfald
Hagen peikar på at biologisk mangfald, i tillegg til å handla om dei ulike artane som finnast på jorda, også handlar om variasjonar innad i kvar enkelt art. Som for eksempel innad i isbjørnane.
– Det er på ein måte grunnlaget for at artar skal greia å tilpassa seg endringar i livsgrunnlaget. Enten om det er klimaendringar eller andre typar miljøpåverknader, seier han.