Avfallsmottak tilset avfallsreddarar

Renovasjonsselskapet Ivar vil sørgja for gjenbruk av 3000 tonn fullt brukbart avfall. – Det er enorme mengder som dessverre blir kasta. Det er heilt brukbare ting, seier assisterande avdelingsleiar Tord Tjelflaat.

I sommar testa renovasjonsselskapet om dei kunne selje farleg avfall som måling og white-spirit.

GJENBRUK: – Det er enorme mengder som dessverre blir kasta. Det er heilt brukbare ting, seier assisterande avdelingsleiar Tord Tjelflaat. Foto: Anne Lise Norheim

– Me selde det ut med ein gong. Eg sat att med ein plankebit på éin meter som ingen ville ha, seier Tjelflaat til NRK.

I år blir 700 tonn avfall selt i bruktbutikken i staden for å hamna i containeren. Butikken sel for 7 millionar kroner årleg.

Tilset avfallsreddarar

Men det skal bli enda meir. Nå skal dei tilsetja avfallsreddarar på heiltid.

Målet er å sørgja for gjenbruk av over 3000 tonn avfall. Det vil ifølgje Ivar gi ei omsetjing på 30 millionar kroner, sjølv om prisane er symbolske.

– Vårt mål er ikkje å tena mykje pengar. Me er opptekne av at gjenbruk gir store klimagevinstar. I tillegg bidreg me til auka sysselsetjing, seier Tjelflaat.