Kvifor hamrar eigentleg gorillaane laus på sitt eige bryst?

Når ein gorilla sler seg på brystet, fortel han dei andre gorillaene kor stor han er. Kanskje gjer han det nettopp for å sleppa å slåst med dei som er større enn han.

Gorillaen er eit utryddingstruga dyr. Foto: Colourbox

Ei gruppe forskarar har sett på kvifor den mannlege gorillaene sler seg sjølv på brystet. Sjølv om ein kanskje skulle tru det, så gjer dei det ikkje berre for å tøffa seg. Med hamringen avslører dei faktisk kor store, eller kor små er er, skriv Ung Forskning.

 

Tidlegare forsking har vist at store gorillaer får fleire partnarar og barn, og at dei blir meir populære i gorillagjengen enn gorillaer som er mindre i storleik.

Sannsynleg er dei også betre til å slåst, enn dei små gorillaane.

Seier noko om storleiken

Derfor trur forskarane bak den nye studien, at det å slå seg på brystet kan vera ein bra måte å fortelja andre om kor store dei er.

Hamringa på brystet kan bidra til at dei skaffar seg partnarar, men det kan òg bidra til at dei unngår å hamna i farlege slåstkampar.

Forskarane trur nemleg hann-gorillaene vurderer kvarandre ut ifrå hamringen, og at dei allereie då avgjer kven som er sterkast.

Må stola på lyden

 

Studiane gjekk føre seg i Rwanda, der forskarane fann seks voksne fjellgorillaer. For å kunna følgja med på gorillaene, brukte forskarane kamera som målte kor store gorillaene var.

Deretter filma dei situasjonar der gorillaene slo seg på brystet. Studien viser at forskarane trur at jungelen har noko å seia for kvifor dei sler seg på brystet.

Jungelen kan vera tett, og dyra må derfor stola på lyden.