Texas går for kraftige lettingar i smitteverntiltaka

Den største staten i USA har varsla ei rekkje lettingar på smitteverntiltak.

Mellom anna vart munnbind-påbudet oppheva på dagen, skriv TV 2.

Dette gjer både helsetoppar og president Joe Biden nervøs.

– Det siste me treng er at folk byrjar å tenkja som neandertalarar. Me kan ikkje tenkja at alt er bra, ta av oss maskene og gløyma alt, sa Biden då han møtte pressa.