Framtidajunior Nyhende Nesten 1000 millionar tonn mat blir kasta kvart år
Foto: Svein Olav B. Langåker

Nesten 1000 millionar tonn mat blir kasta kvart år

Hadde matsvinn vore eit land, ville det vore verdas tredje største kjelde til klimagassutslepp, ifølgje ein ny rapport.

17 prosent av all mat i verda blir kasta. Mengda svarer til 23 millionar fullasta 40 tonns lastebilar, som er nok til å lage ei kolonne som strekk seg rundt jorda sju gonger, opplyser FNs miljøprogram i ei pressemelding. Totalt blir 931 millionar tonn mat kasta kvart år, skriv Framtida.no.

Svoltne menneske

Samstundes er det 690 millionar menneske i verda som enno må gå til sengs svoltne, ifølgje Verdas matvareprogram.

Mesteparten av matsvinnet skjer i hushalda, ifølgje FNs miljøprogram UNEP i rapporten Food Waste Index Report 2021. Ifølgje rapporten er matsvinn er eit problem i dei fleste land og heile 8-10 prosent av dei globale klimagassutsleppa kjem frå mat som ikkje blir ete.

I snitt kastar kvar person 74 kg matavfall per år, skriv The Guardian.

BOKMELDINGAR OG SISTE NYTT OM BØKER

Una (9) og resten av familien har samarbeida om å skriva...

Heile familien Egeland har samarbeida om boka «Kongens Skatt». Dei håpar den vil vera god underhaldning for både vaksne og barn i påsken.

VIDEOAR