Kaja Kallas er 43 år gamal og utdanna advokat. Når ho no tek ho over ansvaret, har det baltiske landet har vore styrt av eit høgreekstremt parti i to år.
– Regjeringa mi vil vera pro-europa, spesielt med tanke på å støtta europeiske verdiar som rettstryggleik. Me vil også ha ei veldig klar endring i politikken når det gjeld spørsmål om klimapolitikk, seier ho i ei sak hjå The Guardian.
Regjeringen har mellom anna lova å utvikla planar som gjer det mogleg å stoppa produksjonen av oljeskiferkraft i landet innan 2035. Dei vil også oppnå karbonnøytralitet innan 2050.
Styrt av sterke kvinner
Med Kallas som statsminister, blir landet eit av få der det er både er kvinneleg statsminister og statsleiar. Den nye statsministaren har også gitt viktige plassar i regjeringen til kvinner.
– Alle spør meg om kjønn, men det handlar ikkje om det. Det handlar om at dei er veldig flinke menneske, seier ho.