Ifølgje Finn.no blir fleire og fleire positive til å både gi og få brukte julegåver. Tala for i år viser at 29 prosent er positive til å gi brukte julegåver og 42 prosent er positive til å få. Det er fleire enn i fjor.
– 2020 har vore eit annleis år, og mange har fått auga opp for korleis vi brukar tida og ressursane våre. Vi kjem til å sjå smartare forbruk der det å kjøpe og gi bort brukt blir sett på som eit reelt alternativ til å kjøpe nytt, seier produktdirektør på Finn toget, Kathrine Opshaug Bakke i ei pressemelding.
Undersøkinga viser også at det viktigaste når ein skal gje ei gåve, er at den inneheld noko personen ønskjer seg.