Du kan vinne fine premiar om du løyser ei av desse oppgåvene:
1. Skriv ein tekst om kor viktig håp er. Kva gjev deg håp? Og kva er håpet ditt for 2021?
2. Skriv ein tekst om ei sak du brenn for. Kva håpar du skal skje i 2021? Og kva må gjerast for å oppnå det du håpar på?
3. Skriv ein tekst om ein gong eller ei oppleving der håp har vore særleg viktig for deg.
Både vinnarteksten og tekstane som konkurrerer i toppen vil bli publisert på www.framtidajunior.no.
Format: Word-fil
Lengde: 150-350 ord
Premiar: Abonnement på Framtida Junior, bøker og Framtida Junior-t-skjorter
Aldersgrense: Under 14 år
Målform: Nynorsk
Innleveringsfrist: 15. januar
Send inn til framtidajunior(a)gmail.com
OBS: Hugs å merka teksten med <NAMN>, <ALDER>, <SKULE> og <TELEFONNUMMER>.