Dei siste ti åra er mengda solenergi i India mangedobla, og nokre av dei største solcelleparkane i verda finst no i India. Samtidig flatar veksten av kol ut, skriv Verdens Beste Nyheter.
Prisen på solceller har gått veldig ned, og gjer at solkraft no er billigare å bygga ut enn forureinande kolkraft. India har over 1,3 milliardar menneske, og er rekna å gå forbi Kina som verdas mest folkerike land innan nokre år. Derfor treng landet mykje rein energi framover.