Datatilsynet: – La barn øve seg i sosiale medium før dei fyller 13 år

TikTok si aldersgrense på 13 år skapar mykje debatt. Skal barn få lov til å laste ned appen eller ikkje? Her er ekspertane ueinige.

Ferske tal frå Medietilsynet viser at fire av ti barn mellom ni og ti år brukar den populære appen TikTok.

– Det er ikkje ulovleg å la barn under 13 år bruke appen, seier kommunikasjonsrådgivar Guro Skåltveit i Datatilsynet til NRK.

Datatilsynet meiner det bør vera opp til kvar enkelt forelder å vurdere om barn bør nytte appen eller andre liknande appar.

– Det er faktisk ei brei semje i fagmiljø som jobbar med nettvett at barn bør byrje å øve seg på bruk av sosiale medium tidleg, seier Skåltveit.

– For å få gode rutinar, bør dei starte omlag samstundes som dei får smarttelefonar, seier ho.

Ifølgje Skåltveit er det større rom for å gjere feil på barneskulen enn på ungdomsskulen. Når barn er 13 år har dei rett til privatliv, og kan nekte foreldra innsyn i det dei held på med. Då kan det vera vanskeleg å lære seg å bruke sosiale medium heilt på eigahand.

– Då kan det vera greitt å ha øvd litt, seier Skåltveit.

Ingvild Moen, som er ekspert på sosiale medium, er ikkje heilt einig.

– Som barn er du ikkje i stand til å vera lika kjeldekritisk. Vi veit jo at sosiale medium påverkar oss veldig. Difor tenkjer eg at det er viktig at det er 13 års aldersgrense, seier Moen til NRK.

Ekspertane er ikkje einige. Kva tenkjer du?

Bør barn øve seg i sosiale medium før dei fyller 13 år?

Bør barn øve seg i sosiale medium før dei fyller 13 år?

Ja95
Nei80
Svar totalt: 175